av | 31.07.21

Ida har komponert bestillingsverk til Hundorp 2021

Når vintermørkret kjem snikande og tusenårsjubileet Hundorp 2021 nærmar seg slutten, skal komponist Ida Rønshaugen sitt bestillingsverk «Ljósi Miklu» lyse opp novembernatta.  Den 14. november blir det urframføring i Sør-Fron kyrkje. 

Ljósi Miklu betyr mykje ljos, og er henta frå Snorre si forteljing om kristningsmøtet på Hundorp i 1021.

Komponist og saksofonist Ida Rønshaugen har skrivi verket «Ljósi Miklu» for saksofon og kor, som den 14. november får urpremiere i Sør-Fron kyrkje. Verket er bestilt av tusenårsjubileumsprosjektet Hundorp 2021, og har fått støtte frå NOPA – Norsk forening for komponister og tekstforfattere, Det norske komponistfond, Komponistenes vederlagsfond og Sør-Fron kommune.

Ida Rønshaugen er sjølv solist under urframføringa, saman med koret Ad Cantus, under leiing av dirigent Åshild Haugstad.

– «Ljósi Miklu» blir eitt av høgdepunkta i tusenårsjubileet, og ekstra stas er det at ein lokal komponist og musikar har skrivi eit eiget 2021-verk, seier prosjektleiar for Hundorp 2021, Bjørn Kjellsson Sletten.    

Ljósi Miklu er skapt ut av stillheit. Hovudfokuset i verket ligg på endring, og handlinga i verket er lagt til Dale-Gudbrands gard og møtet med kong Olav Haraldsson. Etter kvart får folket på Hundorp nyss om at kongen er på veg nedover Gudbrandsdalen, og at han vil kristne dølane. Utover i korverket vil ein kunne høyre opprøret som oppsto under kristningsmøtet på Hundorp. Ved hjelp av dynamikk, klangfarge, energi og akkordbruk skildrar Ljósi Miklu kreftane frå både gudbrandsdølane i trua dei sto ved før dei vart kristna, og kreftane som kong Olav kom med for å overbevise dølane om at det finst berre éin gud.

Verket er skrivi for fem stemmer og altsaksofon. Teksta som er brukt i verket er henta frå Snorre Sturlasons Heimskringla. Koret syng utdrag frå den originale norrøne versjonen.

Ljósi Miklu varer i om lag 18 minutt.

– Å skrive eit korverk på nesten 20 minutt er eit stort arbeid, men det har vore ein givande prosess. Det har vore deilig å ha hatt god tid til at element skal kunne få modne seg utover i verket, samtidig som eg aktivt har brukt lydane av dei norrøne orda henta frå Heimskringla om nettopp møtet på Hundorp, til å forme mykje av musikken, seier komponist Ida Rønshaugen.

Ho seier prosessen har vore spennande. 

– Det er sjeldan eg komponerer om spesifikke hendingsforløp, så å ha historia om Dale- Gudbrand og heilag-Olav i bakhovudet når eg har skrivi, har vore spennande, seier Rønshaugen.

Aktørane

Ida Rønshaugen er oppvokse på Harpefoss i Sør- Fron kommune. Musikkinteressa vart vekt i tidleg alder. Ho spelte fleire instrument før det var saksofonen som vart hennar hovudinstrument. Etter endt vidaregåande utdanning på musikklina på Vinstra vidaregåande skule, flytta Ida til Oslo for å studere ved musikarlinja på NISS- Nordisk Institutt for Scene og Studio (nå ein del av Høyskolen Kristiania). Det påfølgjande året kom Ida inn på prestisjetunge Norges Musikkhøgskole, kor ho tok ein bachelorgrad i musikkpedagogikk med fordjupning i jazzsaksofon. I 2014- 2016 tok ho ein mastergrad i musikkpedagogikk ved same institusjon, kor masteroppgåva ho skreiv handla om mental trening innafor øving på jazzsaksofon. For dette fekk ho det høgtståande stipendet utdelt av CEMPE- Senter for fremragende utdanning i musikkutøving. Masteroppgåva har fått merksemd fleire stader, og Ida har vore gjest blant anna på Universitetet i Tromsø for å presentere sine funn for lærarar og professorar. Masteroppgåva har også fått merksemd i musikkmagasinet Musikkultur.

Interessa for å komponere voks seg større frå 2005, da Ida flytta til Oslo. Nokre av desse komposisjonane har vorte utgitt på albuma «The Blue and Wise Cats», utgitt i 2013, og «Storm», utgitt i 2017. I 2016 vendte Ida heim etter elleve år i Oslo, og busette seg på Harpefoss. Ida har spelt konsertar både nasjonalt og internasjonalt, i blant anna England, Frankrike, Tyskland, Nederland, Irland og Libanon. Låtane hennar har vorte hyppig spelt på NRK Jazz, og også på NRK P1 og NRK P2. Dei har også fått merksemd i utanlandske medium og radiokanalar, blant anna i Chile og Mexico. I 2018 valte NRK å bruke nokre av Ida sine komposisjonar til den nye dokumentaren «Hestegjeteren i Sikkilsdalen», som har gått på NRK 1. 

Ad Cantus er eit regionkor for Gudbrandsdalen. Koret feira 10-årsjubileum i 2018 med bestillingsverket «Draumen», ei suite for kor og hardingfele av Henrik Ødegaard til fem dikt av Olav H. Hauge. Verket vart fullfinansiert av Den norske komponistforening. Koret presenterer ein årleg, større konsertproduksjon, gjerne i samarbeid med profesjonelle aktørar. Publikum kjenner kanskje koret aller best frå oppsetninga av Mozarts Requiem med profesjonelle musikarar og solistar i 2015 og eit årelangt samarbeid med Iver Kleive med oppsetningane av hans sterke Requiem. Ad Cantus har markert seg sterkt i den lokale korkonkurransa Tretten Kor-cup, men koret har også konkurrert nasjonalt. Koret fekk si hittil sterkaste plassering i NM for kor i 2017 med ein 5. plass i klassa for Blanda kor klasse A. Medlemane i Ad Cantus får plass etter prøvesang, og koret har månadlege øvingssamlingar i Ringebu. Dirigent er Åshild Alette Haugstad.

kontakt oss

Bjørn Kjellsson Sletten
Prosjektleiar
tlf 974 71 997
[email protected]

Stian Stø Dørum
Prosjektmedarbeidar
tlf. 975 31 345
[email protected]

følg oss

norge i tusen år

Norge i tusen år