av | 12.08.20

Prøveseilas med vikingskip til Hundorp 12. september

12. september er det Vikingdag på Hundorp, samtidig som det er programlansering for Hundorp 2021. Som om ikkje det er nok: Vikingskipet Mjøsen Lange kjem oppover Laugen. Denne veka var det befaring på elva. 

Høvedsmann på Mjøsen Lange,  Kai Gjessing, var saman med prosjektmedarbeidar Stian Stø Dørum på befaring på Laugen for å teste forholda før prøveseilasen den 12. september. Sør-Fron Røde Kors, ved Rolf Frithjofsen, var med som kjentmann og båtførar. 

Eit av tiltaka under tusenårsmarkeringa i 2021, er å ro vikingskip opp Gudbrandsdalslågen til Hundorp. I «Heimskringla» beskriv Snorre Sturlasson nemleg at det var båt- og skipstrafikk langs elva:

Sitat 1: «Der kom dei alle ihop, og de var mykje folk, for di de ligg eit vatn nære ved som heiter Logen, so dei kunde koma dit likso godt med skip som til lands» 

Sitat 2: «I natt skal De ganga dit som bondeskipi er, og bora hol i alle ihop og rida hestane deira burt fraa dei gardane som dei er paa»

Ein vill idé
Arkeolog og stipendiat ved Kulturhistorisk Museum, Ingar M. Gundersen, er medlem av arbeidsgruppa for kulturminne og har kome opp med ideen om å segle vikingskip.

– Han kjenner området godt etter fleire utgravingar i Gudbrandsdalen og hevdar at Hundorp kan ha vore endestasjon med skip opp Gudbrandsdalslågen. Bakgrunnen for dette er historiske kjelder frå mellom anna Snorre, samt vurdering av korleis elva såg ut for 1000 år sidan og korleis dei brukte skip i elvar andre stader i Europa, seier Stian Stø Dørum. 

Dersom denne teorien stemmer kan Hundorp ha vore eit viktig knutepunkt mellom dei rike utmarksresursane i Gudbrandsdalen mot havet og resten av verda.

– Ein seilas opp Gudbrandsdalslågen kan derfor bli en slags Thor Heyerdahlsk bekreftelse av denne teorien, legg Dørum til. 

Fleire skip til tusenårsmarkeringa
Ein – bokstaveleg talt – våt draum for prosjektleiinga bak Hundorp 2021 er at mange vikingskip skal kome roande og seglande oppover Laugen under tusenårsfesten, Olsok 2021. Utfordringa er eit par harde stryk i elva, mellom anna ved Heringen og Gåsøya/Randklevbrua i Ringebu. I tillegg er det mange grunne parti, grunna opphoping av grus mange stader i elveløpet. 

Frå andre stader i Europa veit vi at skip vart trekt langs eller over land ved utfordrande parti. Det kan også bli løysinga i 2021. 

Vikingskipet Mjøsen Lange kjem til Hundorp 12. september om lag ved høgstdag.   

 

kontakt oss

Bjørn Kjellsson Sletten
Prosjektleiar
tlf 974 71 997
[email protected]

Stian Stø Dørum
Prosjektmedarbeidar
tlf. 975 31 345
[email protected]

følg oss

norge i tusen år

Norge i tusen år