Ringebu Stavkyrkje | Foto: Inge Asphoug | Hundorp2021

Vikingdag

Eit undervisningsopplegg for alle sjetteklassingar i Midt-Gudbrandsdalen og Sel.
}

14.-15. september

Dale-Gudbrands Gard

Arrangør: Sør-Fron kommune

Praktisk informasjon
  • Dato: 14. og 15. september 2023  kl. 09.15 – 13.45
  • Stad: Hundorp, Dale-Gudbrands gard
  • Transport: Buss frå skulane (Skulane må ordne skyss sjølve)
  • Mat og klede: Elevane får suppe ,med diverse rotvekstar og oksekjøt i. Ungane kan i tillegg ha med seg matpakke. Dei vil få drikke, vatn eller saft. Ha på godt med klede og gode sko (det kan vera vått i graset).
  • Kostnader: Dei enkelte kommunane betaler ein fast årleg sum for å delta på Vikingdagen. Dette blir dekt med midlar frå den kulturelle skulesekken. Skyssen må kvar enkelt skule stå for.

Vikingdagen på Hundorp, Dale-Gudbrands gard er eit tilbud til alle 6. klassingar i Midt-Gudbrandsdalen. Målet er at elevane skal gjera ei tidsreise tusen år bakover til vikingtida. Dette var ei spanande brytningstid i Norge i overgangen frå norrøn tid til middelalderen og innføring av kristendommen.

Elevane bruker ein heil skuledag, inkl. transport, på opplegget. For å få plass til alle elevane bruker vi to dagar på gjennomføringa. Sør-Fron kommune v/kulturavdelinga står ansvarleg for arrangementet, blant anna med støtte frå den kulturelle skulesekken, Ringebu, Nord-Fron og Sel kommunar.

Lydfil

Lytt til innspeling av Dale-Gudbrand-visa som elevane kan synge med til.

Teksten

Last ned teksten til visa om Dale-Gudbrand som ungane skal lære seg.

Danseinstruksjon

Lær deg dansestega slik at du kan vera med på dansen i tunet på slutten av dagen!

kontakt oss

Bjørn Kjellsson Sletten
Prosjektleiar
tlf 974 71 997
[email protected]

Stian Stø Dørum
Prosjektmedarbeidar
tlf. 975 31 345
[email protected]

følg oss

norge i tusen år

Norge i tusen år