av | 25.06.20

Georadarprosjektet er i gang

Onsdag 24. juni starta arkeologiske undersøkingar på Hundorp. Den største av gravhaugane er blant det som skal granskast: Med georadar.

Hundorp er i sagalitteraturen omtala som eit av dei viktigaste heidenske kultstadene i sein vikingtid. Nå skal området skannast med georadar for fyrste gong.

– Geoskanning var noko vi snakka mykje om i 2012 i samband med dei arkeologiske utgravingane knytt til E6-utbygginga.  Den gongen var det så kostbart og vanskeleg å finansiere, at vi såg vel kanskje på det som urealistisk. Men eg har aldri sleppt heilt trua på at dette skulle gå, seier ordførar Ole Tvete Muriteigen i Sør-Fron kommune.

Du kan både sjå, høyre og lese meir om Georadar på Hundorp på: NRK Innlandet, GudbrandsdalsRadioen, Gudbrandsdølen Dagningen, Dølen, https://www.khm.uio.no/om/aktuelt/aktuelle-saker/2020/hundorp.html og https://innlandetfylke.no/nyheter-forsiden/hva-skjuler-gravhaugene-pa-hundorp.22454.aspx

Produksjonsselskapet Fabelaktiv var med heile dagen med drone og kameramann. Kanskje blir det ein dokumentar?

Georadarprosjektet er eit forskningsprosjekt initiert i samarbeid med tusenårsprosjektet Hundorp 2021, eit forskningssamarbeid mellom Kulturhistorisk museum i Oslo, NTNU Vitenskapsmuseet i Trondheim, Innlandet fylkeskommune og Sør-Fron kommune.

– Det at ein gjennom godt samarbeid har fått på plass ei samfinansiering, kombinert med at kostnadane er lågare nå, gjer at vi endeleg kan sette i gang.  Det blir vanvittig spennande å sjå kva ein kan finne. Dette blir stort, seier Muriteigen.

Georadarprosjektet vil gi oss moglegheit til å få heilt ny kunnskap om Hundorp i førkristen tid. Kva slags stad var dette eigentleg? Ein tingstad, ein kultstad, eller berre ein storgard?

Toårig forskningsprosjekt
Prosjektet skal gå over to år og forsøke å kartlegge kulturminnefeltet, men utan å ty til store fysiske inngrep. Både georadar, metallsøking, dronefotografering og punktundersøkingar skal iverksettast. Skjuler det seg fleire gravar under markoverflata? Er det mogleg å finne bygningar, ein handelsplass, eller forsamlingsstader?

– Allereie på onsdag skal vi forsøke å finne svar på nokre av desse spørsmåla. Da byrjer vi å scanne på og rundt ein av de største haugane på staden. Er den intakt? Kva skjuler den? spør ein engasjert og spent arkeolog, Ingar M. Gundersen ved Kulturhistorisk museum.

Ifølgje Snorre var det på Hundorp at Olav den heilage kristna dølane i 1021. Om det verkeleg var her det skjedde veit vi ikkje, men staden har fleire monumentale gravhaugar enn nokon annan stad på Innlandet. Mykje tyder på at dette var eit viktig maktsenter i vikingtida, hvor Gudbrandsætta forvalta både religiøs, politisk og juridisk makt. «Gudbrand i dalene» er omtala som ein av dei mektigaste høvdingane i det førkristne politiske landskapet. Likevel veit vi svært lite om staden i dag. Det har vore gjennomført svært få arkeologiske undersøkingar i området. Kva gravhaugane skjular veit vi lite om.

Nye kapitlar i historieboka
Onsdag er arkeologane Ingar M. Gundersen frå KHM og Arne Stamnes frå NTNU klare for å kjøre i gang georadarprosjektet på Hundorp.

– Eg syns det blir riktig spennande å kome i gang. Det er spesielt å få moglegheita til å bidra til ny kunnskap om ein såpass viktig plass, seier Arne Stamnes.

I fyrste omgang er det blant anna areal mellom Dale-Gudbrands gard og jernbanen i sør, samt Olavshaugen og feltet rundt som blir undersøkt. Det var i same området funna vart gjort i oktober 1921 og som vart dokumentert av folkehøgskulestyrar Rasmus Stauri. Desse funna blir vist fram som del av tusenårsjubileet i 2021. Nå håpar ein på nye funn.

– Eg er spent. Frykteleg spent. Endeleg får vi anledning til å teste sagaopplysningane, og sjå om det er noko hald i Snorres beretning om kristningsmøtet. Viss det er hald i antakingane våre, så er vi i ferd med å skrive heilt nye kapitlar om Innlandets forhistorie. Dette er ei moglegheit ein kun får ein gong i livet, avsluttar Gundersen.

I tillegg til å vera startskotet for georadarprosjektet, blir onsdag 24. juni ein tjuvstart på tusenårsjubileet Hundorp 2021. Programlansering for Hundorp 2021 blir 12. september 2020 på Dale-Gudbrands gard.

kontakt oss

Bjørn Kjellsson Sletten
Prosjektleiar
tlf 974 71 997
[email protected]

Stian Stø Dørum
Prosjektmedarbeidar
tlf. 975 31 345
[email protected]

følg oss

norge i tusen år

Norge i tusen år