Hærpiler til undgommen

Det står i Snorre at då Dale-Gudbrand får høyre at kongen Olav Haraldsson er på veg nedover dalen, «skar han hærpil og stevnet alle dølene til å møte ham på den gården som heter Hundorp».  

Sør-Fron ungdomsskule har produsert sin versjon av ei hærpil, denne gangen ei fredeleg pil, som skal gå ut til andre ungdommar, inviterte gjester og folk, for å fortelje om at på Olsok i 2021, er det på Hundorp det skjer. Ungdommane som får dei fredelege hærpilene, blir invitert til å delta i feiringa og skal blant anna lage innslag til Slagkraft! på tusenårsfesten sin dag 3 som du kan lesa meir om her. 

Hærpilene har innsvidd runeskrift som mottakarane må tyde for å få meir informasjon.

Sjå filmar: 

I juli legg fire ungdommar frå Innlandet ut på turne med hærpilinvitasjonar til ungdomsmiljø i heile fylket vårt. Les om turneen på nettsidene til Innlandet fylkeskommune, og følg turneen deira på Hundorp 2021 sin Instagramprofil

 

kontakt oss

Bjørn Kjellsson Sletten
Prosjektleiar
tlf 974 71 997
bjorn.sletten@sor-fron.kommune.no

Stian Stø Dørum
Prosjektmedarbeidar
tlf. 975 31 345
stian.sto.dorum@sor-fron.kommune.no

følg oss

norge i tusen år

Norge i tusen år