Vikingskipet | Hundorp2021

Vikingskipets ferd

Det er 1000 år sidan forrige vikingskip var på ferd i Gudbranddsdalen og nå er det klart for ei ny ferd!

Sjå stream frå heile vikingsskipsferda her!

I tre dagar skal vikingskipet ro frå Båstø til Hundorp.

Skipets ferd blir óg strømma og sendt på ein skjerm på Tusenårsfesten.

Ta med deg feststemninga og kom ned til Laugens breidder – der kan du helse vikingskipet lykke til vidare på ferda!

Skipets ferd:

Torsdag 29. juli

Kl. 13:30 – Avreise Båtstø på Tretten. Her kan de gjerne møte opp og ønskje skipet god tur. 

Kl. 16:30 – Ankomst Mageli Camping. Gjestar på campingen kan møte skipet.

Fredag 30. juli

kl. 11:30 – Avreise Mageli Camping. Gjestar på campingen kan ønskje skipet god reise vidare.

kl. 13:30 – Ankomst Fåvang. Folk kan sjå skipet frå Krekke rasteplass og ønskje det velkommen.

Laurdag 31. juli

kl.10:00 til 12:00 – Skipet ror inn mot Hundorp. Møt skipet ved Hundorp bru.

Sjå stream frå vikingskipsferda under:

}

29. - 31. juli

Frå Båtstø til Hundorp

Bakgrunn for Vikingskipets ferd opp Laugen

Arkeolog og stipendiat ved Kulturhistorisk Museum, Ingar M. Gundersen er medlem av arbeidsgruppa for kulturminne i Hundorp 2021 og har kome opp med ideen om å segle vikingskip opp Gudbrandsdalslågen.

Han kjenner området godt etter fleire utgravingar i Gudbrandsdalen og hevdar at Hundorp kan ha vore endestasjon med skip opp Gudbrandsdalslågen. Bakgrunn for teorien er historiske kjelder frå mellom anna Snorre, og korleis dei brukte skip i elvar andre stader i Europa.

Dersom denne teorien stemmer kan Hundorp ha vore eit viktig knutepunkt mellom dei rike utmarksresursane i Gudbrandsdalen mot havet og resten av verda. Ein seilas opp Gudbrandsdalslågen kan derfor bli eit slags «Thor Heyerdahlsk» prosjekt for å bevise teorien.

I kongesagaen, Heimskringla, beskriv Snorre Sturlason at det var båt- og skipstrafikk langs Gudbrandsdalslågen:

Sitat 1: «Der kom dei alle ihop, og de var mykje folk, for di de ligg eit vatn nære ved som heiter Logen, so dei kunde koma dit likso godt med skip som til lands,»

Sitat 2: «I natt skal De ganga dit som bondeskipi er, og bora hol i alle ihop og rida hestane deira burt fraa dei gardane som dei er paa,».

kontakt oss

Bjørn Kjellsson Sletten
Prosjektleiar
tlf 974 71 997
bjorn.sletten@sor-fron.kommune.no

Stian Stø Dørum
Prosjektmedarbeidar
tlf. 975 31 345
stian.sto.dorum@sor-fron.kommune.no

følg oss

norge i tusen år

Norge i tusen år