Den digitale olavskilden | Hundorp 2021

Ungdomsprosjekt

I heile år har det pågått ulike prosjekt i regi av ungdommar i heile fylket. Desse blir vist fram i Tusenårskinoen.

I løpet av jubileumsåret 2021 har og skal Hundorp 2021 arrangere ulike ungdomsverkstader. Felles for alle, er at ein profesjonell kunstnar eller utøvar i sin sjanger, møter ungdom i sitt lokalmiljø.

Ungdommane er i utgangspunktet del av ei gruppe, ein organisert aktivitet. I jubileumsåret skal dei i møte med den profesjonelle og aktiviteten dei gjer saman, reflektere over spørsmål knytt til Nasjonaljubileet – NORGE I TUSEN ÅR, og Hundorp 2021 spesielt, som; kva er nåtida sitt klubbeslag, kva endringar står vi ovanfor? Dei reflekterer over kva som er bra med å bu i Norge i dag og kva dei tenkjer om sitt eige liv og kvar dei er om ti år frå no.

I videoane i høgrespalta kan du sjå resultata av desse kulturmøta. Kanskje fører det til endring, kanskje ikkje.

Prosjekta er eit samarbeid mellom Hundorp 2021, UKM og lokale aktørar i Innlandet fylke.

 

kontakt oss

Bjørn Kjellsson Sletten
Prosjektleiar
tlf 974 71 997
bjorn.sletten@sor-fron.kommune.no

Stian Stø Dørum
Prosjektmedarbeidar
tlf. 975 31 345
stian.sto.dorum@sor-fron.kommune.no

følg oss

norge i tusen år

Norge i tusen år

Lydfil

Lytt til innspeling av Dale-Gudbrand-visa som elevane kan synge med til.

Teksten

Last ned teksten til visa om Dale-Gudbrand som ungane skal lære seg.

Danseinstruksjon

Lær deg dansestega slik at du kan vera med på dansen i tunet på slutten av dagen!

Danseinstruksjon

Lær deg dansestega slik at du kan vera med på dansen i tunet på slutten av dagen!