Norge i 1000 år

I 2030 er det 1000 år sidan slaget på Stiklestad, og 29. juli 1030 er ein av dei viktigaste datoane i Norges historie – eit nasjonalt vendepunkt. Stiklestad Nasjonale Kultursenter (SNK) har starta førebuingane av eit nasjonaljubileum i 2030 og åra fram mot hovudjubileumsåret.

Sør-Fron kommune har, via Oppland Fylkeskommune (no Innlandet Fylkeskommune), vorte kopla på arbeidet med den nasjonale jubileumsmarkeringa. Jubileet er fleirårig, med oppstart i 2020 og klimaks i 2030, og kvart år har sitt tema knytt til eitt geografisk tyngdepunkt, til dømes år 2024, tema rettsutvikling, stad Moster. Hundorp er geografisk tyngdepunkt i 2021, med temaet kulturmøte og endring, sett i ljos av religionsskifte og riksdanning.

Ei fullstendig oversikt over dei andre jubileumsstadane finn du her. 

kontakt oss

Bjørn Kjellsson Sletten
Prosjektleiar
tlf 974 71 997
[email protected]

Stian Stø Dørum
Prosjektmedarbeidar
tlf. 975 31 345
[email protected]

følg oss

norge i tusen år

Norge i tusen år