av | 27.08.20

Vikingdag på Hundorp

Laurdag 12. september 2020 frå 11:00 til 15:15
Dalegudbrands-Gard

Vikingdagen på Hundorp er eit familiearrangement der leik, formidling og opplevingar står i fokus.

Her kan du mellom anna prøve deg som smed, bogeskyttar, arkeolog, perlemakar, bakar, runeskrift-tydar, mannskap på vikingskip eller høyre på spennande historieforteljing og musikk. Kanskje finn du også nokre fine handverksprodukt på marknaden som du vil kjøpe eller få oppskrift på korleis du lagar sjølv.

Grunna Covid-19 blir arrangementet lagt opp med fleir grupper og tidspunkt. Du må registrere deg med kontaktopplysningar for å delta på den gruppa du ynskjer. Sjå program nederst på denne sida.

Her kan du gruble over korleis det kan ha vore her i Gudbrandsdalen for 1000 år sidan. Har du nokon gong lurt på kva vikingane brukte tida si på? Korleis lagde dei mat og klede? Kva våpen og reiskap nytta dei? Kva musikk høyrde dei på? Kanskje kan vikingdagen gi svar på nokre av spørsmåla!

Vikingskipet Mjøsen Lange tek deg med på tokt eit lite parti på Gudbrandsdalslaugen og Sør-Fron Røde-kors arrangerer ro-konkurranse ved Hundorp bru.

Inne i eit av husa blir det foredrag og programlansering av tusenårsjubileet Hundorp 2021.

Snorre Sturlasson skriv i Heimskringla om at Olav Haraldsson (Olav den Heilage) kom nedover dalen i år 1021 for å møte Dale-Gudbrand på Hundorp og få dølane til å byte tru. Dølane trudde da på Tor, Odin og mange andre vikinggudar, Olav trudde på Kvitekrist og kristendomen. Det samla seg mykje dølar for å forsvare trua si, dei kom både gåande, ridande og med båt til Hundorp. Olav hadde med ein stor hær som skulle kjempe for kristendomen. Kva som skjer vidare i sagaen kan du spørja ein av vikingane du treff på vikingdagen om, kanskje dei var der og kan fortelja kva som skjedde?

Møte som finn stad mellom Dale Gudbrand og Olav Haraldsson i 1021 er grunnlag for eit stort jubileum i Gudbrandsdalen i 2021 og ein del av nasjonaljubileet i 2030. Da det er 1000 år sidan Olav Haraldsson døydde i slaget på Stiklestad. Hundorp har vore ein viktig møteplass gjennom 1000 år og er ein naturleg stad for ein levande vikingdag for heile familien.
Vel møtt på årets vikingdag!

Program:
11:00 – 13:00: Vikingdag, Gruppe 1 – Marknad og aktivitetar på Dale Gudbrands gard. Maks 200 personar.
13:15 – 15:15: Vikingdag, Gruppe 2 – Marknad og aktivitetar på Dale Gudbrands gard. Maks 200 personar.

12:00-13:00: Vikingskipet Mjøsen Lange kjem til Hundorp!

11:00 – 12:00: Ro-konkurranse ved Hundorp bru.
13:00 – 14:00: Ro-konkurranse ved Hundorp bru.
14:00 – 15:00: Ro-konkurranse ved Hundorp bru.

13:00 – 14:00: Tokt med Vikingskipet Mjøsen Lange.
14:00 – 15:00: Tokt med Vikingskipet Mjøsen Lange.

Med atterhald om endringar!

kontakt oss

Bjørn Kjellsson Sletten
Prosjektleiar
tlf 974 71 997
[email protected]

Stian Stø Dørum
Prosjektmedarbeidar
tlf. 975 31 345
[email protected]

følg oss

norge i tusen år

Norge i tusen år