av | 12.09.20

Slik blir tusenårsfeiringa

Musikkoratoriet Signe frå Bjølstadmo, berekraftsting for barn og unge, Ragnarock, gjenstandsutstilling og Vikingdag er nokre av høgdepunkta i jubileumsprosjektet Hundorp 2021.    

Laurdag 12. september vart programmet for Hundorp 2021 lansert under årets Vikingdag på Hundorp.

Du kan sjå heile programpresentasjonen her.

Jubileumsåret kjem til å bestå av 50-60 små og store arrangement gjennom heile året, og blir innleia i januar, med oppstart av arrangementsturneen «No ljosnar Gudbrandsdalen». Turneen er eit samarbeid mellom jubileet, Gudbrandsdalsmusea, Gudbrandsdal historielag og Hundorp kultur, og går over tolv månader, gjennom dei tolv kommunane i heile Gudbrandsdalen.

I februar er det klart for Sør-Fron kommune sin kulturkveld. Tema for kvelden blir «Kulturmøte og endring». Eitt av høgdepunkta blir framføringa av ei ny teatertekst skrivi av Carl Henrik Grøndahl, med Endre Skjåk og Andrea Rudland Haave i rollene.

DKS-forestillinga «Fake news – frå Snorre til Trump», eit samarbeid mellom Hundorp 2021 og Innlandet fylkeskommune som i 2020 var på turne i Sel, Valdres og Midt-Gudbrandsdalen, skal vinteren 2021 ut på turne til 25 nye skular  i Innlandet.

I april blir det premiere på Fron kulturskule si 2021-satsing.

I mai er det klart for Bispevisitas i Sør-Fron og kyrkjemøte i regi av Hamar bispedømme. Dette er to av mange satsingar kyrkja gjennomfører i jubileumsåret. 

I midten av juli startar pilegrimsvandringar både frå nord og sør, i samarbeid med pilegrimssentra på Dovrefjell og Dale-Gudbrands gard. Den frå nord vil gå i Olavs fotspor – den same reisa som han tok i 1021. Båe vandringane endar på Hundorp 28. juli.

Under Olsok, i månadsskiftet juli – august,  er det klart for den verkelege storsatsinga: Tusenårsfesten på Hundorp. I 1921 var 8000 menneske samla til 900-årsfeiring. Kanskje får vi ikkje lov til å samle like mange denne gongen, men målet er uansett ein fest ingen skal gløyme. Tusenårsfesten vil gå over tre dagar, 29., 30. og 31. juli i 2021. Torsdag 29. juli er temaet fortid, fredag 30. juli er temaet nåtid, mens laurdagen er vigd framtida. Høgdepunktet torsdagen blir musikkoratoriet «Signe frå Bjølstadmo», skrivi av Hans Løkken og Hans Rotmo. Her er lokale korps og spelemannslag med, saman med Trondheimsolistene. Fredag blir det myldredag med små talkshow, foredrag og konsertar, mens laurdagen blir den store framtidsdagen, der skuleungar og -ungdomar frå heile Innlandet samlast til berekraftsting på Hundorp. Vikingskip kjem opp Laugen, og dagen blir avslutta med musikksatsinga «Ragnarock».

I 16 år har Sør-Fron kommune arrangert Vikingdagar for alle sjetteklassingar. I 2019 vart arrangementet utvida med ein ope familiedag for alle. Dette blir vidareført i 2020 og i jubileumsåret. I tillegg legg Hamar bispedømme sine fagdagar til Hundorp i september 2021.

Dei lokalhistoriske årbøkene er årvisse julegåver, og spelar ikkje minst ei svært viktig rolle som historisk kunnskapsbase og vår kollektive hukommelse. Årbøkene hausten 2021 vil sjølvsagt spegle tusenårsjubileet.  

Jubileumsåret blir runda av med ei erfaringskonferanse i desember. Dette er også det tolvte og siste arrangementet i arrangementsserien «No ljosnar Gudbrandsdalen».

Parallelt med desse tidfesta satsingane er det fleire prosjekt som går over lengre periodar gjennom jubileumsåret: Kunstprosjekt, skule- og barnehageprosjekt, georadarprosjektet, gjenstandsutstilling og ei stor satsing på digital formidling. Følg med på Hundorp 2021 framover for fleire detaljar.   

kontakt oss

Bjørn Kjellsson Sletten
Prosjektleiar
tlf 974 71 997
[email protected]

Stian Stø Dørum
Prosjektmedarbeidar
tlf. 975 31 345
[email protected]

følg oss

norge i tusen år

Norge i tusen år