Kulturdepartementet tildeler 1 million kroner til Hundorp 2021.
I ei pressemelding den 1. desember vart det klart at kulturdepartementet tildeler ekstraordinært tilskudd til Sør-Fron kommune, øremerka arbeidet med tusenårsmarkeringa – Hundorp 2021.
Brei politisk semje om tildelinga
Gjennom satsing på barn og unge, brei involvering av frivillig sektor, kulturarrangement og etablering av møteplassar vil dette prosjektet bidra til å styrke identitet, skape stoltheit og framtidstru.
– Dette er med på å rette fokus på dialog og gjensidig respekt. Dette er eit viktig bidrag til ei viktig markering fortel Stortingsrepresentant Kjetil Kjenseth frå Venstre. Kjenseth fortel vidare at involvering av barn og unge var viktig for at søknaden frå Sør-Fron kommune vart innvilga.
– Dale-Gudbrand og Hundorp er ein viktig stad i Gudbrandsdalen og i Noreg. Ei tusenårsmarkering er viktig generasjoner og det er særlig viktig å formidle historia for framtidas generasjoner, fortel Høgres leiar av famile- og kulturkomiteen, Kristin Ørmen Johnsen.
– Eg gler meg til det neste tiåret og særlig startskuddet for dette på Hundorp i 2021, fortel stortingsrepresentant for Krf og medlem av familie- og kulturkomiteen, Jorung Gleditsch Lossius.
Tildelinga fører til begeistring
– Eg vil sitere ein Baksia-tekst og si at eg er både lett og god og glad, fortel Ordførar i Sør-Fron kommune og leiar av styringsgruppa for Hundorp 2021, Ole Tvete Muriteigen. Han seier vidare at tildelinga syner at historia frå Hundorp er ein viktig del av Norges historie. Eg har god tru på at denne millionen er eit godt bidrag til at vi skal kunne få ei markering som vil gi varige verdiar for Sør-Fron og heile dalen, fortel Muriteigen til lokalavisa Dølen.
Prosjektleier for Hundorp 2021, Bjørn Kjellsson Sletten fortel at eit slik tilskudd frå statsbudsjettet løfter jubileet og arrangementa til noko meir enn ei lokal og regional markering.
– Midlar direkte frå statsbudsjettet viser at vår markering er eit viktig nasjonalt anliggende.
Fylkesordførar i Innlandet og medlem av styringsgruppa for Hundorp 2021, Even Aleksander Hagen, fortel at fylkestinget tidlegare har gått inn med to millionar, og at det er gledelig at staten plusser på ytterlegare ein million til jubileumsåret. – I Innlandet har vi sterke røtter, og det blir vi minna på neste år med tusenårsjubileet. Gjennom ein rik kulturarv kan det opnast eventyrlige moglegheiter ved å satse på tilbud til barn og unge, kunst og kultur, pilegrimsleden og reiselivsdestinasjonen Gudbrandsdalen.
Nasjonalt samarbeid
Hundorp 2021 samarbeider med Nasjonaljubileet 2030 – Norge i tusen år, eit nasjonalt samarbeid med Stiklestad nasjonale kultursenter som prosjektleiar. Hundorp er fyrst ut i eit løp som går over ti år.
Variert program gjennom jubileumsåret 2021
Programmet for Hundorp 2021 inneheld både store og små arrangement i heile Gudbrandsdalen. Hovedmålgruppe er barn og unge. Trykk her for å sjå programmet.
Les meir om tildelinga her:
kontakt oss
Bjørn Kjellsson Sletten
Prosjektleiar
tlf 974 71 997
[email protected]
Stian Stø Dørum
Prosjektmedarbeidar
tlf. 975 31 345
[email protected]
Siste kommentarer