Pilegrimsvandring

«I Olavs fotspor».

Pilegrimsentra på Dovre og Hundorp arrangerer kvar sin langvandring over fleire dagar som endar på Hundorp til Tusenårsfesten.

Langvandringa frå nord startar i Lordalen medan vandringa frå sør startar på Lillehammer.

Vandringane symboliserer gudbrandsdølane si reise til Hundorp for å støtte Gudbrand av Dale, og trua på dei gamle gudane i 1021.

Langs ruta er det ulike arrangement ein kan vera med på. 

}

24. - 29. juli

Lillehammer - Hundorp

Vandring frå sør – Lillehammer

Vi startar på Lillehammer og endar på Hundorp fem dagar seinare. Undervegs har vi mange fine stopp og arrangement. 

Program for vandringa

24. juli: Lillehammer – Øyer, Nermo Hotell
Oppmøte Lillehammer skysstasjon kl 09.00. Deretter vil vi gå langs pilegrimsleden til Øyer og Aasletten pensjonat og hytter. På Aasletten vil det bli foredrag der Sigrid Undset, Olav den Hellige og Kristin Lavransdatter er tema med Sigrun Slapgard.

25. juli: Øyer – Tretten, Pilegrimsloftet Borkerud
Vi går fra Øyer til Tretten og overnattar på Borkerud pilegrimsloft.

26. juli: Tretten – Tretten, Glomstad gjestehus
Kort og lett etappe frå Borkerud til Glomstad

27. juli: Tretten – Ringebu, Gildesvollen
Vi går frå Tretten til Ringebu over Høgkleiva. Her treffer vi på gamle forsvarsverk og gamle ferdselsårer før vi går inn på den gamle kultplassen Gildesvollen.

28. juli: Ringebu – Hundorp, Dale-Gudbrands gard
Vandring inn mot Dale-Gudbrands gard og Tusenårsstaden. Her vil vi få formidling av garden si historie og besøke utstillinga Solrenning.

29. juli: Hundorp, Dale-Gudbrands gard – Sør-Fron kyrkje
Siste dagen blir det vandring frå Dale-Gudbrands gard til Sør-Fron kyrkje der vi deltek på gudsteneste. Meir om gudstenesta finn du her. 

Arrangør: Gudbrandsdalsmusea AS ved Pilegrimssenter Dale-Gudbrand i samarbeid med andre aktørar.

Kontaktperson er Per Gunnar Hagelien (tel 456 04 608). 

Pris kr 4 000,- inkludert foredrag, formidling, kost, losji, bagasjetransport og vandringsleiar.

Minimum 6 og maks 15 deltakarar. 

Påmelding innan 15. juli:
Klikk her for påmelding. 

}

23. - 26. juli

lordalen - Hundorp

Olavsvandringa 2021 – på veg til Hundorp 1000 år etter 

I 2030 er det 1000 år sidan slaget på Stiklestad. Slaget blir rekna som et avgjerande punktet i vår historie. Kvart år fram mot nasjonaljubileet i 2030 er det lokale og regionale markeringar. I 2021 skjer det i Gudbrandsdalen, i år er det 1000 år sidan Olav den heilage møtte Dale-Gudbrand på Hundorp.

I Snorres kongesaga kan vi lese om Olavs reise fram til Hundorp. Han kom opp Romsdalen til Lesja og Dovre, reiste vidare gjennom Lordalen til Lom, Skjåk og Vågå. Derfrå dro han til Sel før han reiste ned dalen til møtet på Hundorp.

Det er denne reisa og forteljingane som knyter seg til, vi ønskjer å lyfte fram gjennom Olavsvandringa 2021.

Program for vandringa

23. juli: Lesja – Skjåk
Vandring frå inst i Lordalen og ovar til Skjåk. Kveldsarrangement i Skjåk kyrkje.

24. juli: Vandring til Staurustsetra/Stavåsen.
Kveldsarrangement i Lom kyrkje.

25. juli: Vandring frå gamle Garmo kyrkje/Systuen Garmo til Storrviksøygarden.

26. juli: Vandring frå Ulsvolden til Jørundgard.
Konsert med Trondheimssolistene på Jørundgard.

Arrangør: Pilegrimssenter Dovrefjell i samarbeid med andre aktørar.

Kontaktperson er Hans Jacob Dahl. 

kontakt oss

Bjørn Kjellsson Sletten
Prosjektleiar
tlf 974 71 997
bjorn.sletten@sor-fron.kommune.no

Stian Stø Dørum
Prosjektmedarbeidar
tlf. 975 31 345
stian.sto.dorum@sor-fron.kommune.no

følg oss

norge i tusen år

Norge i tusen år