Anders Baasmo | Hundorp 2021

Fortid

På tusenårsfestens fyrste dag, 29. juli, skal vi sjå attende på fortida. Opplysing står i fokus, og vi tek ein kikk på historia på ein artig og engasjerande måte.

Det blir offisiell opning av arrangementet, konsert, kulturelle innslag, utstillingar og anna.

Gratis parkering på nabogarden, følg skilt.

Her finn du praktisk informasjon. 

}

Kl 11.00

Sør-Fron Kyrkje

Gudsteneste

Klokka 11 opnar vi dagen med gudsteneste i Sør-Fron kyrkje. Her møtar kyrkjemusikk eldre folkemusikk. Det blir mellom anna innslag av lokale musikarar.  

Arrangør: Sør-Fron kyrkje og Hamar bispedøme

Trykk her for påmelding.

 

Meir informasjon

Gudstenesta blir feira som folketonemesse, og både kor, dansarar og spelemannslag vil vere med. Gudstenesta blir leia av sokneprest Kristinn Olason og biskop Solveig Fiske. Prost Birgitte Bentzrød, prost Tor Even Fougner samt ei rekkje andre vil også medverke.

Gudstenesta har og eit særskild pilegrimsfokus, og det blir anledning til å delta i ei kort vandring frå Hundorp, Dale-Gudbrands Gard opp til kyrkja. Den som ønskjer å vera med på vandringa, bør møte ved Dale-Gudbrands Gard seinast kl 10.

 

}

Kl 12.21

Dale-Gudbrands Gard

Marknadsplassen opnar

Bodar opnar for dagen. Sjå tradisjonelt handverk frå vikingtida, med mogleik for å kjøpe med seg fine minne, bakst og gjenstandar.

Medlemar frå 4H i heile Midt-Gudbransdalen har starta arbeidet med å produsere varar på gamalt vis. Dei ulike 4H-gruppene har eigne tema, og gruppene skal jobbe med ull, tre og mat. Dei ferdige produkta blir å få kjøpt på marknadsplassen. 

Medlemar frå Gudbrandsdalsvegen har eigne bodar.

Det blir óg utstilling av diverse prosjekt fra vårhalvåret.

Utstillarar

Etter kvart som utstillarane er klare vil vi nemne dei her.

}

Heile dagen

Dale-Gudbrands Gard

Hidden

Korleis var det å vera barn og ungdom i vikingtida? Med Hidden kan du sjølv vera barnet som går rundt på Dale-Gudbrands Gard og sjå omgivnadene slik vi trur dei var.

Løys eit oppdrag

Du får eit oppdrag som du skal løyse på Hundorp, Dale-Gudbrands Gard, men kva opplever du på vegen?

Hidden er ein formidlingsplattform for historiske, kulturelle og naturlege skattar i landskapet. Last ned appen og begynn vandringa rundt på området. Da vil du sjå at det dukkar opp ei rekkje punkt med informasjon om kva som hende. Du kan sjølv oppleve det som ikkje har stått i historiebøkene.

}

Kl 13.00

Dale-Gudbrands Gard

Offisiell opning av Tusenårsfesten

Tusenårsfesten for Hundorp 2021 startar med eit spanande og variert program, i denne timelange opninga.

Programmet

Opningstalen for Hundorp 2021 blir helde av ordførar Ole Muriteigen.

Spoken word artist Jeaninne Masika Harrysson kjem med sitt bestillingsverk for Hundorp 2021 saman med Rasmus Kjorstad, det blir talar, diktlesing og musikalske innslag.

Hit kjem Biskop Solveig Fiske, og vi får ein smakebit på Signe frå Bjølstadmo med Anders Baasmo, Rebekka Opdal Christiansen og Trondheimssolistane.

Representantar for Nasjonaljubileet NORGE I TUSEN ÅR gir oss ein kort innledning til nasjonaljubileet og overrekker flammen som aldri skal slukke. 

Fortida er sentralt tema for denne fyrste dagen og tala til Fredrik Paasche frå 900-årsjubileet blir framført i sin heilskap, ved vår eigen Rasmus Stauri.

I tillegg blir det musikalske innslag ved Fron kulturskule og Norsk Lur- og Bukkhornlag. Kulturskulen har blant anna laga ei eigenkomponert fanfare frå vikingtida.

 

}

Kl 16.00

Dale-Gudbrands Gard

Signe frå Bjølstadmo

Hans Rotmo og Hans Løkken sitt musikalske verk Signe frå Bjølstadmo kjem endeleg heim! Historia handlar om Signe frå Bjølstadmo som skulle gå til Vekkom med ei geit på same tid som Olav Digre (Haraldsson) ville kristne dalen.

Dette er eit musikalsk verk som aldri har vore oppført i Gudbrandsdalen tidlegare. Hovudrollane blir sunge av Rebekka Opdahl Christiansen og Anders Baasmo.

Billettar må kjøpast på førehand. Ved behov for handicap-plass må du velge BAKRE som plassering. 

Ta med sitteunderlag eller eigen stol. Paraply ikkje tillatt.

Medvirkande

Solistar: Rebekka Opdahl Christiansen og Anders Baasmo

Trondheimsolistene

Lillehammer Operakor

Spelemannslag med spelemenn frå heile Gudbrandsdalen

Dirigent: Elsine Haugstad

Tekst: Hans Rotmo

Musikk: Hans Løkken

}

Kl 19.00

Dale-Gudbrands Gard

Signe frå Bjølstadmo

Hans Rotmo og Hans Løkken sitt musikalske verk Signe frå Bjølstadmo kjem endeleg heim! Historia handlar om Signe frå Bjølstadmo som skulle gå til Vekkom med ei geit på same tid som Olav Digre (Haraldsson) ville kristne dalen.

Dette er eit musikalsk verk som aldri har vore oppført i Gudbrandsdalen tidlegare. Hovudrollane blir sunge av Rebekka Opdahl Christiansen og Anders Baasmo.

Billettar må kjøpast på førehand. Ved behov for handicap-plass må du velge BAKRE som plassering. 

Ta med sitteunderlag eller eigen stol. Paraply ikkje tillatt.

Medvirkande

Solistar: Rebekka Opdahl Christiansen og Anders Baasmo

Trondheimsolistene

Lillehammer Operakor

Spelemannslag med spelemenn frå heile Gudbrandsdalen

Dirigent: Elsine Haugstad

Tekst: Hans Rotmo

Musikk: Hans Løkken

}

Kl 20.21

Dale-Gudbrands Gard

Marknadsplassen stengjer

 

kontakt oss

Bjørn Kjellsson Sletten
Prosjektleiar
tlf 974 71 997
bjorn.sletten@sor-fron.kommune.no

Stian Stø Dørum
Prosjektmedarbeidar
tlf. 975 31 345
stian.sto.dorum@sor-fron.kommune.no

følg oss

norge i tusen år

Norge i tusen år