Gamal ferdsel - ein vandring

Snorre fortel om at Olav Haraldson to gonger reiste gjennom Lesja. Først under kristningsferda i 1021, og så i 1028 da han var i ferd med å rømme landet. Begge gongene overnatta han i bygda.

Vi ønskjer derfor å fokusere på Olav Haraldson i Lesja, og særskilt på det som skjedde her i 1021 dvs. overnattinga på Bø og ferda vidare over til Lom.

}

23, juli

Frå Lesja til Skjåk

Dagvandring med kveldsarrangement

Som eit av programposta på Pilegrimsvandringa fra nord-vest til Hundorp blir det dagvandring frå Lesja til Skjåk.

Vi følgjer historiske spor

Dei siste åra har vi i samarbeid med Reidar Marstein m.fl. i Lom vore engasjert i å finne vardinga av den gamle ferdselsvegen som helgenkongen må ha fylgd frå Lesja og over til Stavbrekka i Lom. Funnet av eit vikingsverd på Gråhøe i Lesja for eit par år sidan har aktualisert dette.

Vandringa er eit samarbeid med  Lesja historielag, Skjåk og Pilegrimssenteret på Hjerkinn.

kontakt oss

Bjørn Kjellsson Sletten
Prosjektleiar
tlf 974 71 997
[email protected]

Stian Stø Dørum
Prosjektmedarbeidar
tlf. 975 31 345
[email protected]

følg oss

norge i tusen år

Norge i tusen år