Olavsvandringa 2021

Pilegrimsenteret på Dovre arrangerer ei langvandring over fleire dagar, frå Lesja til  Jørundgard på Sel.

I Snorres kongesaga kan vi lese om Olav Haraldsson si reise fram til Hundorp. Han kom opp Romsdalen til Lesja og Dovre, reiste vidare gjennom Lordalen til Lom, Skjåk og Vågå. Derfra dro han til Sel før han reiste ned dalen til møtet på Hundorp.

Det er denne reisa og forteljingane som knyter seg til, vi ønskjer å lyfte fram gjennom Olavsvandringa 2021.

Langs ruta er det ulike arrangement ein kan vera med på. 

}

23. - 26. juli

Lordalen - Jørundgard

Vi startar på Lesja og har mange fine vandringar innad i kommunane. Kvar kveld er det ulike kveldsarrangement i etterkant av vandringane. Vandringa endar på Jørundgard og konsert med Trondheimssolistene. 

Program for vandringa

23. juli: Lesja – Skjåk
Vandring frå inst i Lordalen og ovar til Skjåk. Kveldsarrangement i Skjåk kyrkje.

24. juli: Vandring til Staurustsetra/Stavåsen.
Kveldsarrangement i Lom kyrkje.

25. juli: Vandring frå gamle Garmo kyrkje/Systuen Garmo til Storrviksøygarden.

26. juli: Vandring fra Ulsvolden til Jørundgard.
Konsert med Trondheimssolistene på Jørundgard.

Arrangør: Pilegrimssenter Dovrefjell i samarbeid med andre aktørar.

Kontaktperson er Hans Jacob Dahl. 

Det blir også arrangert vandringar frå Lillehammer til Hundorp. Dei kan du lese meir om her. 

kontakt oss

Bjørn Kjellsson Sletten
Prosjektleiar
tlf 974 71 997
bjorn.sletten@sor-fron.kommune.no

Stian Stø Dørum
Prosjektmedarbeidar
tlf. 975 31 345
stian.sto.dorum@sor-fron.kommune.no

følg oss

norge i tusen år

Norge i tusen år