Arbeidsgruppene er i gang!
Tysdag 2. april var fyrste arbeidsmøte for arbeidsgruppene i tusenårsprosjektet Hundorp 2021.
Arbeidet med tusenårsprosjektet er delt inn i tre hovudsatsingar, som dei ulike tiltaka sorterer under. Det er
- Arrangement
- Kulturminner
- Formidling
Dette blir administrert av ei arrangementsgruppe, ei kulturminnegruppe og ei formidlingsgruppe.
Eit godt møte
Tysdag 2. april hadde dei tre gruppene sitt fyrste møte.
– Endeleg er vi i gang med arbeidet desse gruppene skal gjere. Det var eit godt møte, der mange gode og konkrete idear kom på bordet, seier kulturleiar i Sør-Fron og prosjektleiar for Hundorp 2021, Bjørn K. Sletten.
Ordførar Ole tvete Muriteigen er leiar i styringsgruppa for Hundorp 2021, og var også med på møtet med arebidsgruppene.
– Eg er godt fornøgd med møtet. Kreative og engasjerte personar deltek, og det gjer meg sikker på at markeringa skal bli veldig bra – og av betydning på både kort og lang sikt, seier Muriteigen.
Dette er arbeidsgruppene
Arbeidsgruppene består av personar med ulik ståstad og ulike nettverk som alle bringer nødvendig kunnskap og kompetanse inn i arbeidet. Det er representantar for både friviljuge og profesjonelle organisasjonar i Gudbrandsdalen. Gruppene arbeider sjølvstendig, og rapporterer til prosjektleiar/sekretær. Dei skal sørgje for planlegging og sikre at tiltaka blir gjennomført.
På bakgrunn av tiltaka synt i prosjektplanen er følgjande arbeidsgrupper sett saman:
1. Arrangementsgruppa
Arbeidsoppgåver:
- Ny sceneproduksjon
- Folkefest, Olsok
- Signe frå Bjølstadmo (kulturkvelden 2019)
- Bibliotek/litteraturarrangement
- Heimskringla/kyrkjespel
- Samarbeid kulturskule og VVS
- Produksjon i DKS
- Skule/barnehage
Ressurspersonar:
- Vegard Moshagen
- Vivian Haverstadløkken
- Juliane Bay
- Helena Wik
- Carl Henrik Grøndahl
- Carina Gjelsvik
- Rasmus Stauri
- Oda Nyhus Aanekre
2. Kulturminnegruppa
Arbeidsoppgåver:
- Kulturminnefeltet på Hundorp
- Kulturminnefotoprosjekt
- Nettpublikasjon/digital formidling
- Gjenstandstutstilling sommar 2021
- Artiklar til årbok for Gudbrandsdalen, kjeldegransking
Ressurspersonar:
- Ingar Gundersen
- Hildegunn Maria Haanes Ruset
- Ein representant frå OFK, kulturarv (ikkje avklart kven)
3. Formidlingsgruppa
Arbeidsoppgåver:
- Vikingmarknad på Hundorp
- Formidlingstiltak, pilegrimssenteret
- Formidlingstiltak, Dale-Gudbrands gard
- Kursing av guidekorps
- Koordinering av kyrkja si rolle i jubileumsmarkeringa.
- Mat – eigen 2021-meny
Ressurspersonar:
- Siri Neslein
- Kristian Haave
- Vigdis Holmestad
- Liv Randi Sundhagen
- Marita Aanekre
- Ein representant frå Gudbrandsdalsmusea (ikkje avklart kven)
kontakt oss
Bjørn Kjellsson Sletten
Prosjektleiar
tlf 974 71 997
[email protected]
Stian Stø Dørum
Prosjektmedarbeidar
tlf. 975 31 345
[email protected]