Status for Hundorp 2021
Tusenårsmarkeringa for kristningsmøtet på Hundorp nærmar seg. Førre veke var styringsgruppa for prosjektet samla på Dale-Gudbrands gard.
Styringsgruppa for prosjektet har brukt det siste året på å lage eit fundament for Hundorp 2021 – der både målsettingar, målgruppe og innhald var vore tema.
Nå startar detaljplanlegginga av jubileet.
Tankane som ligg til grunn for jubileet kan du lese om her.
Det var i 2016 at kommunestyret i Sør-Fron bestemte at ein i 2021 skal markere tusenårsjubileet for kristningsmøtet på Hundorp, møtet mellom kong Olav Haraldsson og Dale-Gudbrand i 1021.
Ei markering for heile dalen
Oppland fylkeskommune er med på laget, og sjølv om Sør-Fron og Hundorp blir lokomotivet i tusenårsmarkeringa, ønskjer styringsgruppa og Oppland fylke at heile Gudbrandsdalen skal ta del i markeringa.
Nå startar detaljplanlegginga av jubileet. Det skal settast ned tre arbeidsgrupper, ei kulturminnegruppe, ei formidlingsgruppe og ei arrangementsgruppe. Desse skal saman med prosjektleiar planleggje og gjennomføre ei rekkje tiltak i samband med jubileet.
Ønskjer brei involvering
Styringsgruppa vil i løpet av våren 2018 invitere til avsparkkonferanse for Hundorp 2021, der ideane for jubileumsåret vil bli presentert. Samtidig er det viktig å presisere at ein ønskjer brei involvering frå lag og foreiningar, barn og unge, profesjonelle miljø, skular og barnehagar og innbyggarane i Gudbrandsdalen. Derfor vil vi gjerne ha dine innspel!
Har du spørsmål eller tankar om jublieumsmarkeringa, bed vi deg ta kontakt med prosjektleiar Bjørn Kjellsson Sletten: bjorn.sletten@sor-fron.kommune.no

kontakt oss
Bjørn Kjellsson Sletten
Prosjektleiar
tlf 974 71 997
bjorn.sletten@sor-fron.kommune.no
Stian Stø Dørum
Prosjektmedarbeidar
tlf. 975 31 345
stian.sto.dorum@sor-fron.kommune.no
følg oss
Lydfil
Lytt til innspeling av Dale-Gudbrand-visa som elevane kan synge med til.
Teksten
Last ned teksten til visa om Dale-Gudbrand som ungane skal lære seg.
Danseinstruksjon
Lær deg dansestega slik at du kan vera med på dansen i tunet på slutten av dagen!
Danseinstruksjon
Lær deg dansestega slik at du kan vera med på dansen i tunet på slutten av dagen!