Vikingdag

Vikingdagen blir arrangert på Dale-Gudbrands gard og er ein ope dag der alle er velkomne.

Her kan du oppleve ein dag i vikingtida, vere med på handverkstradisjonar, vere tilskuar til vikingkamp og kle deg ut som ein viking sjølv.

}

9. September kl. 16.00 - 19.00

Dale-Gudbrands Gard

Finn din indre viking for ein dag!

Vikingdagen på Hundorp er eit familiearrangement der leik, formidling og opplevingar står i fokus.

Her kan du mellom anna prøve deg som smed, bogeskyttar, arkeolog, runeskrift-tydar, båtbyggjar eller høyre på spennande historieforteljing og musikk.

På vikingdagen kan du gruble over korleis det kan ha vore her i Gudbrandsdalen for 1000 år sidan. Har du nokon gong lurt på kva vikingane brukte tida si på? Korleis lagde dei mat og klede? Kva våpen og reiskap nytta dei? Kva musikk høyrde dei på? Kanskje kan vikingdagen gi svar på nokre av spørsmåla!

Snorre Sturlasson skriv i Heimskringla om at Olav Haraldsson (Olav den Heilage) kom nedover Gudbrandsdalen i år 1021 for å møte Dale-Gudbrand på Hundorp og få dølane til å byte tru. Dølane trudde da på Tor, Odin og mange andre vikinggudar, medan Olav trudde på Kvitekrist og kristendomen. På Hundorp samla hundrevis av dølar seg for å forsvare trua si, dei kom både gåande, ridande og med båt. Olav hadde med ein stor hær som skulle kjempe for kristendomen. Kva som skjer vidare i sagaen kan du spørja ein av vikingane du treff på vikingdagen om, kanskje dei var der og kan fortelja kva som skjedde?

Møtet som fann stad mellom Dale-Gudbrand og Olav Haraldsson i 1021 er grunnlag for eit stort jubileum i Gudbrandsdalen i 2021 og ein del av nasjonaljubileet i 2030. Da det er 1000 år sidan Olav Haraldsson døydde i slaget på Stiklestad. Hundorp har vore ein viktig møteplass gjennom 1000 år og er ein naturleg stad for ein levande vikingdag for heile familien.

Program  og kart finn du i spalta ved sidan av  – vel møtt på Vikingdag anno Hundorp2021!

kontakt oss

Bjørn Kjellsson Sletten
Prosjektleiar
tlf 974 71 997
bjorn.sletten@sor-fron.kommune.no

Stian Stø Dørum
Prosjektmedarbeidar
tlf. 975 31 345
stian.sto.dorum@sor-fron.kommune.no

følg oss

norge i tusen år

Norge i tusen år