Vikingdag
12.-13. september
Dale-Gudbrands Gard
Arrangør: Sør-Fron kommune
Praktisk informasjon
- Dato: 12. og 13. september 2024
- Stad: Hundorp, Dale-Gudbrands gard
- Transport: Buss frå skulane (Skulane må ordne skyss sjølve)
- Mat og klede: Elevane får suppe ,med diverse rotvekstar og oksekjøt i. Ungane kan i tillegg ha med seg matpakke. Dei vil få drikke, vatn eller saft. Ha på godt med klede og gode sko (det kan vera vått i graset).
- Kostnader: Dei enkelte kommunane betaler ein fast årleg sum for å delta på Vikingdagen. Dette blir dekt med midlar frå den kulturelle skulesekken. Skyssen må kvar enkelt skule stå for.
Vikingdagen på Hundorp, Dale-Gudbrands gard er eit tilbud til alle 6. klassingar i Midt-Gudbrandsdalen. Målet er at elevane skal gjera ei tidsreise tusen år bakover til vikingtida. Dette var ei spanande brytningstid i Norge i overgangen frå norrøn tid til middelalderen og innføring av kristendommen.
Elevane bruker ein heil skuledag, inkl. transport, på opplegget. For å få plass til alle elevane bruker vi to dagar på gjennomføringa. Sør-Fron kommune v/kulturavdelinga står ansvarleg for arrangementet, blant anna med støtte frå den kulturelle skulesekken, Ringebu, Nord-Fron og Sel kommunar.
Lydfil
Lytt til innspeling av Dale-Gudbrand-visa som elevane kan synge med til.
Teksten
Last ned teksten til visa om Dale-Gudbrand som ungane skal lære seg.
Danseinstruksjon
Lær deg dansestega slik at du kan vera med på dansen i tunet på slutten av dagen!
kontakt oss
Bjørn Kjellsson Sletten
Prosjektleiar
tlf 974 71 997
[email protected]
Stian Stø Dørum
Prosjektmedarbeidar
tlf. 975 31 345
[email protected]