Tom Willy Rustad og Stein Villa | Hundorp2021

Kveldsseto i Jutulheimen

Frå reinsdyrtå til Castagnari.

To av Norge sine beste formidlarar av musikk på gamle instrument tar oss med på ei musikalsk reise frå menneskeskapt lyd i steinalderen og fram til tradisjonsmusikk i vår tid.

}

30. juni kl. 19.00

Jutulheimen bygdamuseum

På vegen blir vi mellom anna betre kjent med Leif Løchen som budde på Valbjør i Vågå, ein av pionerane i norsk folkemusikkmiljø som i år ville vorte 100 år.

Stein Villa har ansvar for tradisjonsmusikkarkivet for Gjøvik og Toten i Mjøsmuseet.
Tom Willy Rustad har tilsvarande stilling for midt-Gudbrandsdalen i Gudbrandsdalsmusea.

Stein Villa formidlar folkemusikk til barnehagar og skuler, høgskuler og universitet. I tillegg er han ein allsidig musikar som held konsertar og kurs i inn- og utland.

Rustad er ein av landets fremste og mest allsidige folkemusikkutøvarar både som utøvar, pedagog og komponist. Han er ein del av gruppa Kvarts som mellom anna har vunne fleire spelemannsprisar, stått bak fleire tingingsverk og turnert i inn- og utland. Rustad har vore lærar ved dei fleste utdanningsinstitusjonane i Norge og har gitt ut lærebøker i toraderspel.

Inngang kr 100,- inkludert kaffe.

Arrangerast av Gudbrandsdalsmusea og Vågå historielag.

 

kontakt oss

Bjørn Kjellsson Sletten
Prosjektleiar
tlf 974 71 997
bjorn.sletten@sor-fron.kommune.no

Stian Stø Dørum
Prosjektmedarbeidar
tlf. 975 31 345
stian.sto.dorum@sor-fron.kommune.no

følg oss

norge i tusen år

Norge i tusen år