Solrenning - arkeologisk utstilling
Gudbrandsdalen har ei rik kulturhistorie – men dei mest verdifulle funna gjort på Dale-Gudbrand har aldri vore vist til publikum i Gudbrandsdalen. No visast dei fram, på Hundorp!
1. sept - 15. sept: tysdag, torsdag, laurdag 09.00-15.00
Dale-Gudbrands gard
Formidlingstidspunkt:
1. - 15. sept: Tysdag, torsdag, laurdag kl 13.00-14.00
Velkomen til ei historisk utstilling av historiske dimensjonar! I ein spesialbygd container vil Gudbrandsdalsmusea vise fram over tusen år gamle arkeologiske funn frå Sør-Fron og frå fjellet. Dei blir vist fram for fyrste gong no.
Funna er til dagleg trygt plassert i magasin på Kulturhistorisk museum i Oslo, men no kjem dei heim!
Kulturminnefunna frå Kjorstad i Ryssland og Hundorp er mellom dei finaste her til lands og verdt eit besøk!
Utstillinga viser gravfunn frå fire område, tre i Sør-Fron og frå Mørstadstølen i Valdres. I tillegg visast det ut tre gjenstandar frå middelalderen og funn frå store gardvald på Sør-Fron, i Ryssland og Hundorp. Storbonden eller kanskje hovdingen fekk med seg både sverd, spjut og bissel i grava, men også ei saks og ein ljå som viser til gardsdrifta.
Gjenstandane frå Kjorstad og Hundorp er praktfunn i arkeologisk samanheng. Dei fortel om stor lokal makt og rikdom gjennom fleire hundre år før år 1000 – om velstand og kunstnargivnad, men også om daglegliv og fest, og ikkje minst om gravskikkar i tida før Kvitekrist kom til
I heile sommar kan du bli med ein av våre dyktige formidlarar innom utstillinga. Det blir óg tid til Tusenårsstien og Olavssoga.
Oppmøte ved Pilgrimssenter/Gardsbutikk.
Formidlinga er gratis for enkeltpersonar og familiar.
Gruppepris kr 50,- per person, formidling for gruppar må bestillast på førehand.
Ikkje gå glipp av denne historiske utstillinga!
kontakt oss
Bjørn Kjellsson Sletten
Prosjektleiar
tlf 974 71 997
[email protected]
Stian Stø Dørum
Prosjektmedarbeidar
tlf. 975 31 345
[email protected]