Har du høyrt ei historie om heilag-Olav som andre bør få vite om?
No kan historia sendast inn til den digitale olavskjelda!
Stiklestad Nasjonale Kultursenter (SNK) har over tid opplevd ein aukande etterspurnad etter ei nettressurs knytt til olavarven. Oppgåva med å utvikle og drifte ei slik olavsdatabase høyrer naturleg inn under SNK sitt nasjonale mandat. I dette ligg eit nasjonalt ansvar for forvaltning og formidling av historia om Olav Haraldsson/den heilage.
Testpiloten for ein olavsdatabase har fått navnet «Den digitale olavskilden».
Stiklestad Nasjonale Kultursenter ynskjer å bruke jubileumsarbeidet til å samle immaterielle og materielle spor etter Olav både nasjonalt og internasjonalt. Oppgåva med å utvikla «Den digitale olavskilden» skal vere eit prosjekt knytt til jubileumsarbeidet i åra 2021 – 2030.
Den digitale olavskjelda skal innehalde opplysningar om alle kjende spor etter Olav, både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Den digitale olavskjelda skal primært vere ein formidlingsarena.
Den digitale olavskjelda skal rette seg mot eit breidt publikum som blant anna historieinteresserte, pilegrimar, skuleelevar, studentar, forskarar, reiseliv og media.
Har du ei historie du trur kan vera av interesse? Send den inn til [email protected] og merk det med Olavskjelda.
kontakt oss
Bjørn Kjellsson Sletten
Prosjektleiar
tlf 974 71 997
[email protected]
Stian Stø Dørum
Prosjektmedarbeidar
tlf. 975 31 345
[email protected]