
Olsok 24. juli
Etter Snorre er det i år 1000 år sidan Olav den heilage med fylgje for frå Bø på Lesja til Nes i Lom og vidare ned dalen til Hundorp. Turleiar er Reidar Marstein i fylgje med leiar for Pilegrimssenter Dovrefjell Hans-Jacob Dahl.
24. juli kl. 08.15
Lom
Åslia – Nørdre Storteppinga – Olavsråket – gravhaug på Stavåsen – Staurustsætra på Stavåsen – ned Stavebrekka til Staurust etter den gamle sætervegen forbi Olavssteinen. Om lag 11 km Åslia – Stavåsen. Ein god halvtime ned til Staurust.
Minibuss og privatbilar frå Lom til Åslia kl. 0815, kr. 100,-.
Frammøte Åslia seinast kl. 0845. Vandringa startar frå Åslia kl. 0900. Det blir ei stigning på om lag 300 høgdemeter, noko bratt opp til Nørdre Storteppinga som ligg på 1120 moh. Fleire fortidsminne der.
Om lag kl. 1130 matrast ved Mefjellstjønne. Vidare til Olavsråket og ein gravhaug.
Om lag kl. 1430 kafferast på Staurustsætra på Stavåsen, vertskap Oddny og Ola Staurust. Avduking av Minneplata. Ned Stavebrekka, den gamle sætervegen, til Staurust. Denne er rydda og har informasjonstavler.
Vi går forbi Olavssteinen, der Olav hadde sett seg. Det er og mogleg å gå traktorvegen ned. Minibuss og privatbilar frå Staurust til Lom ved 17-tida.
Ei vandring for tur-vande folk, med gode sko og klede, og noko niste.
(Alternativ B: Ved dårleg ver, skodd mm går vi traktorvegen opp frå Staurust.)

kontakt oss
Bjørn Kjellsson Sletten
Prosjektleiar
tlf 974 71 997
[email protected]
Stian Stø Dørum
Prosjektmedarbeidar
tlf. 975 31 345
[email protected]