Lom stavkyrkje | Foto: Mari Wedum

Ljosi Miklu

«Ljósi Miklu» er eit bestillingsverk av komponist Ida Rønshaugen som får si urframføring i Sør-Fron kyrkje.

Ljósi Miklu betyr mykje ljos, og er henta frå Snorre si forteljing om kristningsmøtet på Hundorp i 1021. Bestillingsverket vil lyse opp ei mørk novembernatt på Sør-Fron.

}

14. november kl 20.00

Sør-Fron kyrkje

Komponist og saksofonist Ida Rønshaugen har skrivi verket «Ljósi Miklu» for saksofon og kor. Verket er bestilt av tusenårsjubileumsprosjektet Hundorp 2021, og har fått støtte frå NOPA – Norsk forening for komponister og tekstforfattere, Det norske komponistfond, Komponistenes vederlagsfond og Sør-Fron kommune.

Ida Rønshaugen er sjølv solist under urframføringa, saman med koret Ad Cantus, under leiing av dirigent Åshild Haugstad.

Her kan du lese meir om kva Ida sjølv seiar om prosjektet.

kontakt oss

Bjørn Kjellsson Sletten
Prosjektleiar
tlf 974 71 997
[email protected]

Stian Stø Dørum
Prosjektmedarbeidar
tlf. 975 31 345
[email protected]

følg oss

norge i tusen år

Norge i tusen år