Funn av vikingsverd

Snorre fortel om at Olav Haraldson to gonger reiste gjennom Lesja. Først under kristningsferda i 1021, og så i 1028 da han var i ferd med å rømme landet. Begge gongene overnatta han i bygda. Vi ønskjer derfor å fokusere på Olav Haraldson i Lesja, og særskilt på det som skjedde her i 1021 dvs. overnattinga på Bø og ferda vidare over til Lom.

}

10. oktober

Lesja kulturhus

Vikingsverd funne

Dei siste åra har vi i samarbeid med Reidar Marstein m.fl. i Lom vore engasjert i å finne vardinga av den gamle ferdselsvegen som helgenkongen må ha fylgd frå Lesja og over til Stavbrekka i Lom. Funnet av eit vikingsverd på Gråhøe i Lesja for eit par år sidan har aktualisert dette.

Hvilken gard Bø talar soga om?

Når det gjeld garden Bø der Snorre fortel at kongen overnatta og sette att prestar, er det mykje som tyder på at dette ikkje er garden Bø i den tidlegare skulekrinsen med dette namnet. Mykje tyder på at det er den tidlegare  hovudgarden Bø i Kjøremgrenda. Den er seinare blitt oppdelt i fleire gardar m.a. Synstbø og Nørstebø. Etter tradisjonen skal det på Skålgård, som ligg sentralt i Kjøremgrenda, ha stått ei kyrkje, og det er også gjort jordfunn på denne garden som kan tyde på det. Kanskje var dette den første kyrkja i Lesja.

kontakt oss

Bjørn Kjellsson Sletten
Prosjektleiar
tlf 974 71 997
[email protected]

Stian Stø Dørum
Prosjektmedarbeidar
tlf. 975 31 345
[email protected]

følg oss

norge i tusen år

Norge i tusen år