Velkome til Hundorp 2021

Program for heile året 2021

Tusenårs-festen på Hundorp

Gudbrandsdalen i 1000 år

Tingstader – arkeologisk undersøking

Skattar frå Dale-Gudbrand

1000 år. 1000 historier.
I år er det 1000 år sidan kong Olav Haraldsson i følge Snorre møtte hersen Dale-Gudbrand på Hundorp i 1021, ei hending som markerer skiljet på «gamal» og «ny» tid i landet.
Dette skal feirast i heile år! Gudbrandsdalen har 1000 historier å by på, og vi skal dele mange av dei med dykk gjennom konsertar, utstillingar, digital tidsreise, skuleprosjekt, vandringar, foredrag, kyrkjebesøk – vi har mykje spanande på planen gjennom heile Hundorp 2021!
Feiringa toppar seg i den store Tusenårsfesten 29. – 31. juli på Dale-Gudbrands Gard. Da er det tre dagars feiring med innslag av ei rekke kjende artistar, både nasjonale og lokale. Vil de vera med, så heng på!
Kommande arrangement
Velkomen til tusenårsfeiring!
I år feirar vi at det er tusen år sidan kong Olav Haraldsson og hersen Dale-Gudbrand i følge Snorre møttest på Hundorp i 1021.
I Gudbrandsdalen si utvikling dei siste 1000 åra ligg det utrulege hendingar. Bli med på ei reise attende i tid, ei reise kledd i nåtidas drakt.
Programmet blir oppdatert heile tida. Her kan du sjå arrangementa som er klare til nå.
Om Hundorp 2021
I 2021 feirar vi at det er tusen år sidan kong Olav Haraldsson og hersen Dale-Gudbrand i følge Snorre møttest på Hundorp i 1021, eit møte som resulterte i at dølane med Dale-Gudbrand i spissen tok i mot kristendommen. I soga om Norge har kristninga av dølane vorte ståande som eit bilete på kristninga av landet, og eit symbol på møtet mellom den nye og den gamle trua, ei ny og ei gamal tid.
Kristningsmøtet
I følge Snorre Sturlason møttest kong Olav Haraldsson og hersen Dale-Gudbrand på Hundorp i 1021. Dette møtet resulterte i at dølane med Dale-Gudbrand i spissen tok i mot kristendommen.
Hærpiler til undgommen
Sør-Fron ungdomsskule er i gang med å produsere hærpiler. Hærpilene skal brukast som invitasjonar til andre ungdommar i Innlandet. Ungdommane blir invitert til å delta i feiringa og skal blant anna lage innslag til Ragnarock på tusenårsfesten.
Hærpilene har innsvidd runeskrift som mottakarane må tyde for å få meir informasjon.

kontakt oss
Bjørn Kjellsson Sletten
Prosjektleiar
tlf 974 71 997
bjorn.sletten@sor-fron.kommune.no
Stian Stø Dørum
Prosjektmedarbeidar
tlf. 975 31 345
stian.sto.dorum@sor-fron.kommune.no