Tingstader - arkeologisk undersøking

Kva slags møteplass var Hove-Hundorp i vikingtida? Kva var stadens politiske betydning i vikingtida? I kor stor grad kan utviklinga i Gudbrandsdalsregionen knyttast mot den overordna samfunnsutviklinga i vikingtida og tidleg middelalder?

Desse spørsmåla håpar vi at tingstadprosjektet skal gje oss svar på. 

}

Heile året

Hundorp

Dronefoto frå arkeologisk undersøking av området rundt Dale-Gudbrands Gard
Dronefoto frå arkeologisk undersøking av området rundt Dale-Gudbrands Gard

I 2020 og 2021 blir det utført arkeologiske undersøkingar av områda rundt Hundorp og Haave. Det blir gjort i samarbeid med Kulturhistorisk museum i Oslo, NTNU Vitenskapsmuseet og Innlandet Fylkeskommune.

Det blir brukt ei drone som har påmontert ein sensor for nær-infrarødt ljus. Metoden kallast «multispektral» og er bland anna blitt brukt i jordbruket tidlegare for å få meir kunnskap om vekstområdar. I arkeologien brukar vi mykje flyfoto for å avdekke vekstspor i dyrka mark. Vekstspor kan vere forsårsaka av eldre bruk av området, og det kan for eksempel vere bevarte restar av bygningskonstruksjonar og gravar under pløyd mark.

Vekstspor er spesielt synleg fra lufta i tørre vekstperioder der undergrunnsforhold speilast i vegetasjonen. Multispektral metode er i mindre grad sesong- og væravhengig enn eldre metodar sidan den dokumenterar variasjonar i vegetasjonsdekket som ikkje nødvendigvis er synleg med det blotte auget.

Med bruk av multispektrale sensorar vil potensialet vere stort for ein betre og meir effektiv metode for deteksjon av eldre strukturar undar dyrka mark. Metoden har  i liten grad vore prøvd ut i norsk arkeologi, og han er difor enda ikkje ein fullgod metode som kan erstatte andre undersøkingssformar.

Ved å kombinera multispektral metode og georadar, får ein eit bredare tolkningsgrunnlag som troleg vil kunne veie opp for nokre av utfordringane knytta til grunnforhold.

Publisering av funn og analyser av undersøkingane blir annonsert her og på Facebooksida til Hundorp 2021. 

Dei arkeologiske undersøkingane blir gjort fleire gonger gjennom året, og på ulike måtar. Nokre gonger blir det brukt ein georadar, nokre gonger ein drone og andre gonger skal arkeologane grave  i jorda for å undersøke kva som dukka på bileta frå georadaren eller drona. Undersøkinga blir derfor gjort i fleire omgangar. 

kontakt oss

Bjørn Kjellsson Sletten
Prosjektleiar
tlf 974 71 997
[email protected]

Stian Stø Dørum
Prosjektmedarbeidar
tlf. 975 31 345
[email protected]

følg oss

norge i tusen år

Norge i tusen år