Tusen år på garden Steig

I tunet blir det rigga for historiske foredrag gjennom heile dagen. Foredraga startar kvar heile klokketime, og varar ein halvtime. Da blir det ein halvtime pause imellom slik at publikum kan prate, fordøye informasjon og sirkulere i tunet. Dette blir foredrag der ordet står i sentrum, utan skjerm og prosjektor.

}

19. juni kl. 12.00-17.00

Steig gard, Sør-Fron

Foredrag kvar heile time

For å gi dykk muligheten til å høyre på så mange foredrag som mogleg, samtidig som dykk får litt pusterom, har vi ein rekke foredrag utovar dagen.

Det er nokre plassar ledig på kveldsarrangementet klokka 19.30, men dagsprogrammet er fullt.

 

Døme på foredrag

Historikar Geir Paulsrud – Kongevegen og Tjodvegen

Fron Historielag – Maktsentrum i Sør-Fron i eldre tid – Ryssland-Hundorp- Steig

Nils Christian Steig – om Steig 

Det Kongelige selskap for Norges vel – modernisering av landbruket frå attenhundretalet

Eit naturleg amfi

Inntunet dannar eit naturleg amfi der det ville vera naturleg å plassere talarstol framfor midten på nedre bygningen. Eit eller fleire av foredraga kan vera på bakken utanfor tømmerlåven, med storslått utsikt over dalen. Dette er avhengig av ver og vind. I tunet kan vi rigge eit stort telt om vermeldinga varslar regn.

Bygningen sør i tunet (føderådsbygningen) frå 1840 har utruleg flott dekormaling av Even Sulengs-haugen, og ei spanande bygningshistorie. Malerikonservator Jon Brenne vil bli invitert til å vera til stades og kan stå for omsyning i inne kvar halve time mellom kl 11.30 og 14.30.

kontakt oss

Bjørn Kjellsson Sletten
Prosjektleiar
tlf 974 71 997
[email protected]

Stian Stø Dørum
Prosjektmedarbeidar
tlf. 975 31 345
[email protected]

følg oss

norge i tusen år

Norge i tusen år