Lars Mytting | Foto: Julie Pike, Gyldendal | Hundorp2021

Nåtid

På andre dag på Tusenårsfesten, 30. juli, skal vi sjå nærare på tida vi lever i idag. Det er tid for refleksjon.

Fri inngang til marknadsplassen som har  aktvitetar og salgsbodar heile dagen.

Det blir innslag og programpostar frå fire ulike scener på Dale-Gudbrands Gard, og billettar blir selt til kvart enkelt arrangement.

Gratis parkering på nabogarden, følg skilt.

Her finn du meir praktisk informasjon. 

 

Marknad og aktivitetar

Marknadsplassen opnar

Bodar opnar for dagen. Sjå tradisjonelt handverk frå vikingtida, med mogleik for å kjøpe med seg fine minne, bakst og gjenstandar.

Medlemar frå 4H i heile Midt-Gudbransdalen har starta arbeidet med å produsere varar på gamalt vis. Dei ulike 4H-gruppene har eigne tema, og gruppene skal jobbe med ull, tre og mat. Dei ferdige produkta blir å få kjøpt på marknadsplassen. 

  • Medlemar frå Gudbrandsdalsvegen har eigne bodar.
  • Barnehage-utstillinga visast i gymsalbygget.
  • Prøveborring på Olavshaugen.
  • Hidden – ei virtuell reise tilbake til vikingtida.
  • Det blir óg utstilling av kunstprosjekt fra vårhalvåret.

 

}

10.21

Dale-Gudbrands gard

Aktivitetar for born på marknadsplassen

Det blir ulike aktivitetar for born gjennom heile dagen. Dei kan gjere sine eigne arkeologiske utgravingar og vere med på tautrekking. Eller kanskje vil dei lage sin eigen pil og boge? 

«Snorre for små» – eventyrstund på Olavshaugen kl. 11.31 og 12.31. Begrensa plassar.

Danseverksted for born med Hallgrim Hansegård frå FRIKAR, med blant anna idrettsleker og mobilitetstrening for krigarar frå vikingtida. 12.40-14.00.

 

}

10.21

Dale-Gudbrands gard

Sceneprogram

Lars Mytting: Segn i historiefortelling

Lars Mytting fortel om bruk av segn i historieforteljing

Kva

Lars Mytting fortel om bruk av segn i historieforteljing, og om kva som er opphavet bak segnene i bøkene «Hekneveven» og «Søsterklokkene». I samtale med Olav Brostrup Müller, kultursjef i Lillehammer og skribent.

}

10.21 - 11.21

Hovudscena

Vaksen

Det norrøne språk og liv

Samtalar om det norrøne språket og livet som var, med Anna Pettersén, Tormod Stauri og Kristinn Olason.

Kva

Anna Petersén er arkeolog og forskar. Ho har vore ved dei største arkeologiske utgravingane i middelalderbyane i Noreg. I samtaler med Tormod Stauri og Kristinn Olason ser ho på det norrøne språket og livet som var. Samtala blir leia av kultursjef i Sør-Fron, Bjørn K. Sletten.

}

11.21 - 11.51

Gymsalen

Vaksen

Ta vare på dinosaurane

Bli med på ei lita reise i dinosauranes verden, med Lene Liebe Delset.

Kva

Lene Liebe Delset har aldri vokse frå fascinasjonen ved dinosaurane, heldigvis for oss. Hennar engasjement for desse fascinerande dyra er smittande, og ho tek oss med på ei lita reise i deira verd. Åsne Flyen illustrerer dei artige historiane samtidig som Lene snakkar. Etter at Lene er ferdig på scena tek ho med seg borna på ei oppdagingsreise i området, så heng på!

}

11.21 - 11.51

Teltet

Born

Snorre for små

Eventyrstund på Olavshaugen – forteljing og undring.

}

11.31

Marknadsplassen

Alle

Dansen gjennom 1000 år

Hallgrim Hansegård fortel og dansar oss gjennom dansen si historie, saman med musikar Kenneth Lien.

Kva

Hallgrim Hansegård, ein av hovudfigurane i FRIKAR, fortel og dansar oss gjennom dansen si historie dei siste 1000 åra. Seinare har han ein «danseverkstad» for born der dei lærer litt om elementa i dansen frå vikingtida.

}

12.01 - 12.21

Hovudscena

Alle

Ungdomsprosjekt

I heile år har det pågått ulike prosjekt i regi av ungdommar i heile fylket. Desse visast både live og i Tusenårskinoen. 

Kva

I løpet av jubileumsåret 2021 har og skal Hundorp 2021 arrangere ulike ungdomsverkstader. Felles for alle, er at ein profesjonell kunstnar eller utøvar i sin sjanger, møter ungdom i sitt lokalmiljø. Ungdommane er i utgangspunktet del av ei gruppe, ein organisert aktivitet. I jubileumsåret skal dei i møte med den profesjonelle og aktiviteten dei gjer saman, reflektere over spørsmål knytt til Nasjonaljubileet – NORGE I TUSEN ÅR, og Hundorp 2021 spesielt, som; kva er nåtida sitt klubbeslag, kva endringar står vi ovanfor? Dei reflekterer over kva som er bra med å bu i Norge i dag og kva dei tenkjer om sitt eige liv og kvar dei er om ti år frå no.

På tusenårsfesten kan du sjå resultata av desse kulturmøta. Kanskje fører det til endring, kanskje ikkje.

Prosjekta er eit samarbeid mellom Hundorp 2021, UKM og lokale aktørar i Innlandet fylke.

}

12.21 - 15.21

Teltet

Alle

Snorre for små

Eventyrstund på Olavshaugen – forteljing og undring.

}

12.31

Teltet

Alle

Vikingleik og bevegelse

Vikingleik og bevegelse med Hallgrim frå FRIKAR.

}

12.41 - 14.00

Marknadsplass

Born

Utgravingane på Hundorp

Kva tyder eigentleg funna som er gjort på Hundorp på?

Kva

Kva tyder eigentleg funna som er gjort på Hundorp på? Kan det tydast noko av tidligare bosetjningar? Arkeolog Ingar Gundersen har ein samtale rundt utgravingane på Hundorp med Henriette Aasen.

}

12.41 - 13.11

Gymsalen

Vaksen

Fake news - fra Snorre til Trump

«Fake news» – det fanst mykje falske nyheiter allereie på Snorre s tid.

Kva

Andrea Rudland Haave – Fake News frå Snorre til Trump. «Fake news» er kanskje eit begrep fra dei seinare år, men det fanst mykje falske nyheiter allereie på Snorre si tid. Bli med og test deg sjølv på kor lett det er å la seg lure av fake news!

}

13.21 - 14.10

Puben

+10 år

Når motsetnadene synest uoverkommelege – korleis snakke med kvarandre?

Norske kirkeakademier vil vere vertskap for ei samtale mellom fire menneske som på ulikt vis er engasjert i dialog og kulturmøte i dag.

Kva

Norske kirkeakademier vil vere vertskap for ei samtale mellom fire menneske som på ulikt vis er engasjert i dialog og kulturmøte i dag.

Jørgen Watne Frydnes er leiar for Utøya og har nyleg skrive boka «Ingen mann er en øy» der han skildrar prosessen med å gjenopne Utøya som ein stad for læring, samfunnsengasjement og framtidshåp.

Mehda Zolfaqari er ein forteljar- og scenekunstnar med lang erfaring i dialog, blant anna som tidlegare tilsett i Samarbeidsrådet for tros- og livsssynssamfunn (STL). Mehda har bakgrunn frå Iran, har vokse opp i Oslo og jobbar dagleg med formidling av sine historier frå iransk og islamsk kultur i møte med eit norsk publikum.

Kristin Gunleiksrud Raaum er generalsekretær for Norske Kirkeakademier og leiar av Kirkerådet for Den norske kirke. Ho står dagleg i møtet mellom ulike fløyar og interessegrupper i kyrkja.

Ivar Flaten vil leie samtala. Han driv kyrkjeleg dialogsenter i Drammen, og fekk blant anna Brobyggerprisen i 2020.

}

13.51 - 14.51

Gymsalen

Vaksen

Konsert med Mjøsfolk

MjøsFolk består av nokre av Innlandet sine beste folkesangarar!

Kva

MjøsFolk – fordi Mjøsa ligg der som eit hjarte midt i det nye Innlandet. Og fordi våre hjarte brenn for tradisjonsmusikken frå Hedmark og Oppland. MjøsFolk består av nokre av Innlandets beste folkesangarar! Her er det fleire som har vunne Landskappleiken i vokal både ein og to og tre gonger. I tillegg kompar dei seg sjølv med gitarar og kontrabass.

}

14.41 - 15.11

Hovudscena

Alle

Ravnejenta - ENDRA TIL "Vikingkino" med filmen og skaparen av "Trio - Jakten på Olavsskrinet"

Ingen veit eksakt kvar Olav den heilage vart gravlagd, men det finnast fleire myter om kvar det verdifulle Olavsskrinet forsvann. Vart det hugge opp og omsatt til våpen under dansketida, eller sank det i forlis i Trondheimsfjorden, eller?  ‘Trio – jakten på Olavsskrinet’ er ein actionfylt familiefilm basert på desse mytene. 

Manusforfattar Trond Morten K Venaasen vil vise heile filmen i «vikingkinoen» (puben). Men først skal han fortelje litt om dei spanande mytene. 

Kva

Bli med inn i Torill Thorstad Hauger sitt univers om ein outsider frå fortida, Ravnejenta. No skal hennar historie bli til ein internasjonal film, en Game of Thrones for heile familien. Manuset blir skrive av Trond Morten Venaasen. Han skal saman med filmen sin produsent Nicholas Sando fortelje korleis filmen blir til, og korleis det passar for eit moderne publikum.

}

15.01 - 15.31

Puben

Born

Krigarkongen som vart helgen. Olav Haraldsson og hans tid

Eit foredrag om Olav Haraldsson si tid av historikar og forfattar Tore Skeie.

Kva

Ei forteljing om Olav Haraldsson si tid, i stort format. Fortalt av  historikar og forfattar Tore Skeie. Skeie har blant anna har skrive boka Hvitekrist, om nettopp Olav Haraldsson.

Her tek han oss med på ei forrykande reise gjennom den turbulente perioden då vikingtida var på hell og kongeriket Norge var i støpeskeia.

Skeie omtalar Snorresagaen som ei forteljing som høyrer inn under folkloristikken og ikkje i tråd med slik det verkeleg var. Skeie vil også kommentere litt rundt Snorre, i sitt foredrag.

}

15.21

Gymsalen

Ungdom og vaksen

Marknad og aktivitetar

Marknad

4H har produsert masse spennande produktar med gamle teknikkar, og vil bland anna heilgrille lam. 

Gudbrandsdalsvegen har mange salgsbodar frå heile Gudbrandsdalen.

}

10.21 - 16.21

Alle

Hidden

Ein interaktiv reise tilbake til vikingtida.

Kva

Korleis var det å vera barn og ungdom i vikingtida? Med Hidden kan du sjølv vera barnet som går rundt på Dale-Gudbrands Gard og sjå omgivnadene slik vi trur dei var. Du får eit oppdrag som du skal løyse på Dale-Gudbrands Gard, men kva opplever du på vegen?

Hidden er ein formidlingsplattform for historiske kulturelle og naturlege skattar i landskapet. Last ned appen og begynn vandringa rundt på området. Da vil du sjå at det dukkar opp ei rekkje punkt med informasjon om kva som hende. Du kan sjølv oppleve det som ikkje har stått i historiebøkene.

}

10.21 - 16.21

Alle

q

Last ned app

Runerebus med 4H
}

10.21 - 16.21

Alle

Gamle idrettsleikar og dans

Kom og prøv gamle idrettsleiker og vikingdans, saman med Hallgrim Hansegård fra FRIKAR.

}

12.40 - 14.00

Alle

q

Begrensa antall plassar

Snorre for små

«Eventyrstund» for de minste om Snorresagaen.

}

11.31 og 12.31

Alle

q

Begrensa antall plassar

}

17.00

Dale-Gudbrands gard

Marknadsplassen stengjer

kontakt oss

Bjørn Kjellsson Sletten
Prosjektleiar
tlf 974 71 997
[email protected]

Stian Stø Dørum
Prosjektmedarbeidar
tlf. 975 31 345
[email protected]

følg oss

norge i tusen år

Norge i tusen år